Helga
Eggebø
ansatt
Velferd
Les mer
Stillingstittel
Forsker I
Mobil
Nøkkelinformasjon

Helga Eggebø (ph.d) forskar på migrasjon, likestilling, aldring og levekår blant skeive. Helga er ein engasjert og dyktig formidlar med omfattande foredragserfaring og aktiv deltaking i den offentlige debatten.

Innvandring

I 2013 disputerte eg over avhandlinga «The Regulation of Marriage Migration to Norway». Artiklane «A Real Marriage?»«The Problem of Dependency» og «With a heavy heart» er mykje sitert i den internasjonale faglitteraturen. Seinare har eg skrive om familieinnvandring og integrering, og om korleis innvandringspolitikken er prega av mellombels opphaldsløyve og usikkerheit for stadig fleire gruppe innvandrarar. Eg er dessutan med på eit stort forskingsprosjekt kor me studerer inntektskrav som verktøy i innvandringspolitikken og kva konsekvensar dette fører med seg.

Levekår blant skeive

Dei siste åra har eg og kollegar gjennomført ei rekke forskingsprosjekt om levekår blant lesbiske, homofile, bifile og transpersonar – eller skeive – i Noreg. Korleis er det å vera skeiv på bygda i Noreg, og kva er erfaringane til dei av oss som er skeive med innvandrarbakgrunn? Desse spørsmåla har eg forska på og skrive om i rapportane «Skeiv på bygda» og «Levekår blant skeive med innvandrerbakgrunn». No jobbar eg med eit anna stort forskingsprosjekt som heiter «Lhbtis-levekår 2020», som inkluderer rapporten «Skeive livsløp» og ei nasjonal spørjeundersøking om levekår blant skeive.

Aldring og omsorg

Kva skal til for å leva gode liv når me blir gamle? Korleis kan me sikra gode helse- og omsorgstenester? I eit forskingsprosjekt om aldring i rurale størk, fann eg og kollegar ut at sosial omsorg er ein blind flekk i den norske eldreomsorga. Sosial omsorg er å sjå folk for den dei er og leggja til rette for meiningsfylte aktivitetar og sosiale relasjonar. Kva som er meiningsfylte aktivitetar for kvar og ein av oss heng saman med tida og staden me har levd livet vårt, det har eg skrive om i artikkelen «Land, history and people».

Kollektive forskingsmetodar

Forsking kan vera einsamt arbeid, og eg likar best å jobba i lag med folk. Det er nok grunnen til at eg dei siste åra har vore oppteken av å utvikla kollektive metodar for forsking. I ein artikkel i Norsk sosiologisk tidsskrift har eg skrive om «Kollektiv kvalitativ analyse». Det er ein etterretteleg og effektiv metode for å ta fatt på analysearbeidet i lag. Metoden har allereie vekka interesse i forskingsfeltet, og eg det er med glad og engasjement at eg held føredrag og kurs i metoden.

Formidling, undervisning og rettleiing

Helga har svært omfattende erfaring med å halda føredrag og førelesingar for fagfolk, studentar, sivilsamfunn og offentlege myndigheiter og tek gjerne nye oppdrag. Helga er fast gjesteskribent i Forskerforum og har skrive ei rekke kronikkar i nasjonale media. Du finn også meir informasjon om Helga og hennar forsking på bloggen helgaeggebo.no 

Utdanning

Eggebø er utdanna sosiolog. Ho avla doktorgrad ved Universitet i Bergen i 2013 med avhandlinga «The Regulation of Marriage Migration to Norway». Mastergraden er frå Universitetet i Oslo og masteroppgåva har tittelen "Offeromgrepet til last eller gagn?"

  • Åge Mariussen, Helga Eggebø, Camilla Risvoll. Foto: Morten Ovesen, Marta Anna Løvberg og Karoline O.A. Pettersen

    Tre forskere fra Nordlandsforskning er invitert inn i ekspert- og referansegrupper nedsatt av Norges forskningsråd.

  • Kollektiv kvalitativ analyse arbeidsverksted
    Blogg

    Jobbar du med å analysera kvalitative data? Intervju, feltarbeid eller dokumentanalyse? Har du opplevd å sitta der med fleire hundretals sider med transkripsjonar og lurt på kva du skal gjera? Korleis du skal gå i gang med å analysera alt dette? Du er ikkje åleine.

  • Bærekraftsmål 5 og 13. Foto: Karoline O.A. Pettersen

    Mens menn har større klimagassutslipp enn kvinner, er kvinner mer villige til å støtte politiske tiltak som reduserer utslippene. Dette reflekteres likevel ikke i myndighetenes klimatiltak, der kjønnsperspektiver så å si er fraværende, viser forskningsprosjektet SEQUAL.

Del:

FacebookLinkedInTwitter