Kollektiv kvalitativ analyse – ein metode i fire trinn

Kollektiv kvalitativ analyse arbeidsverksted

Jobbar du med å analysera kvalitative data? Intervju, feltarbeid eller dokumentanalyse? Har du opplevd å sitta der med fleire hundretals sider med transkripsjonar og lurt på kva du skal gjera? Korleis du skal gå i gang med å analysera alt dette? Du er ikkje åleine.

Artikkelen er skriven av Helga Eggebø og vart først publisert på Forskerforum.no 30. november 2020.


Som doktorgradskandidat hugsar eg at eg kjente meg overvelda og rådlaus den dagen eg hadde samla inn alle data og sat der med fleire hundre sider transkripsjonar og feltnotat. Dessutan kjende eg meg så åleine. Fleire med meg har skildra uvisse og forvirring i møte med eit kvalitativt datamateriale, og analysearbeidet har blitt skildra som eit «mysterium».

I samarbeid med kollegaer har eg utvikla ein metode for å ta fatt på analysemysteriet i lag. Eg har kalla metoden «kollektiv kvalitativ analyse», og den har fire trinn:

  1. Samanfatta og gå gjennom data i lag
  2. Kartlegga tema i datamaterialet
  3. Temagruppering
  4. Disposisjon og arbeidsplan

Me har jobba oss gjennom desse trinna på 1-2 dagars arbeidsmøte, rett etter at me har samla inn alle data.

Første trinn består i at forskargruppa legg fram samandrag av data. Den som har ansvaret for det aktuelle intervjuet, observasjonsnotatet eller dokumentet, presenterer samandraget for dei andre. Ein av dei andre noterer stikkord på eit A3-ark og hengjer dei opp på veggen fortløpande. På denne måten blir omfanget av og mangfaldet i data ein konkret realitet i rommet.

Kollektiv kvalitativ analyse arbeidsverksted

Andre trinn går ut på å kartleggja temaa i datamaterialet. Etter gjennomgangen koker hovuda av tankar og idear, og desse skal ned på papiret og opp på veggen. Prosessleiaren inviterer deltakarane til å skriva eit tema som overskrift på eit stort ark (flippover). Deretter noterer gruppa stikkord under temaet og aktuelle intervju som handlar om dette temaet. Slik held ein fram til gruppa kjenner seg «tømt» for idear.

Trinn tre går ut på å gruppera tema som høyrer saman, ved å flytta temaarka på veggen. Årøra seg rundt i rommet kjennest stimulerande for tankearbeidet. Det er forløysande med fysisk arbeid!

Fjerde og siste trinn på arbeidsmøtet er å laga ein disposisjon og arbeidsplan for skrivearbeidet. Me har brukt dei grupperte temaa som utgangspunkt for å finna fram til overskrifter og problemstillingar, og sit igjen med eit heilt konkret resultat: ein disposisjon for skrivearbeidet og ein plan for arbeidet.

Kollektiv kvalitativ analyse har hjelpt oss til å få oversikt over breidda i datamaterialet og sjå kva som kan vera vårt bidrag til forskinga. Ved å ta fatt på analyseprosessen i fellesskap har me hindra at kvar og ein blir sittande åleine i uvissa og bla forvirra i – eller koda seg i hel – på side etter side med transkripsjonar. Me har ikkje kome unna at skrivearbeidet etterpå kan vera både forvirrande og krevjande. Men eit felles arbeidsmøte er eit godt startpunkt som opnar opp for ein felles, kreativ analytisk prosess.

Vår erfaring har vore at kollektiv kvalitativ analyse har vore ein effektiv, grundig og påliteleg måte å starta analysearbeidet på, anten ein er student, doktorgradskandidat eller forskar. Derfor har eg lyst til å invitera andre til å ta i bruk metoden og tilpassa han til eigne prosjekt.

Del:

FacebookLinkedInTwitter

Meld deg på Nordlandsforsknings nyhetsbrev