Helga Eggebø (ph.d) forskar på migrasjon, likestilling, aldring og levekår blant skeive. Helga er ein engasjert og dyktig formidlar med omfattande foredragserfaring og aktiv deltaking i den offentlige debatten.
Innvandring
I 2013 disputerte eg over avhandlinga «The Regulation of Marriage Migration to Norway». Artiklane «A Real Marriage?», «The Problem of Dependency» og «With a heavy heart» er mykje sitert i den internasjonale faglitteraturen. Seinare har eg skrive om familieinnvandring og integrering, og om korleis innvandringspolitikken er prega av mellombels opphaldsløyve og usikkerheit for stadig fleire gruppe innvandrarar. Eg er dessutan med på eit stort forskingsprosjekt kor me studerer inntektskrav som verktøy i innvandringspolitikken og kva konsekvensar dette fører med seg.
Levekår blant skeive
Dei siste åra har eg og kollegar gjennomført ei rekke forskingsprosjekt om levekår blant lesbiske, homofile, bifile og transpersonar – eller skeive – i Noreg. Korleis er det å vera skeiv på bygda i Noreg, og kva er erfaringane til dei av oss som er skeive med innvandrarbakgrunn? Desse spørsmåla har eg forska på og skrive om i rapportane «Skeiv på bygda» og «Levekår blant skeive med innvandrerbakgrunn». No jobbar eg med eit anna stort forskingsprosjekt som heiter «Lhbtis-levekår 2020», som inkluderer rapporten «Skeive livsløp» og ei nasjonal spørjeundersøking om levekår blant skeive.
Aldring og omsorg
Kva skal til for å leva gode liv når me blir gamle? Korleis kan me sikra gode helse- og omsorgstenester? I eit forskingsprosjekt om aldring i rurale størk, fann eg og kollegar ut at sosial omsorg er ein blind flekk i den norske eldreomsorga. Sosial omsorg er å sjå folk for den dei er og leggja til rette for meiningsfylte aktivitetar og sosiale relasjonar. Kva som er meiningsfylte aktivitetar for kvar og ein av oss heng saman med tida og staden me har levd livet vårt, det har eg skrive om i artikkelen «Land, history and people».
Kollektive forskingsmetodar
Forsking kan vera einsamt arbeid, og eg likar best å jobba i lag med folk. Det er nok grunnen til at eg dei siste åra har vore oppteken av å utvikla kollektive metodar for forsking. I ein artikkel i Norsk sosiologisk tidsskrift har eg skrive om «Kollektiv kvalitativ analyse». Det er ein etterretteleg og effektiv metode for å ta fatt på analysearbeidet i lag. Metoden har allereie vekka interesse i forskingsfeltet, og eg det er med glad og engasjement at eg held føredrag og kurs i metoden.
Formidling, undervisning og rettleiing
Helga har svært omfattende erfaring med å halda føredrag og førelesingar for fagfolk, studentar, sivilsamfunn og offentlege myndigheiter og tek gjerne nye oppdrag. Helga er fast gjesteskribent i Forskerforum og har skrive ei rekke kronikkar i nasjonale media. Du finn også meir informasjon om Helga og hennar forsking på bloggen helgaeggebo.no