Marint avfall. Foto: Bo Eide

Shiftplastics

Omstilling
Les mer

I prosjektet Shift-Plastics skal vi sjå på handteringa av plast innan fiskeri og havbruk.

Globalt slepper fiske- og havbrukssektoren ut ei stor mengd avfall, inkludert plast. Studiar viser at i Noreg utjger plastavfall frå fiskeri- og havbrukssektoren størstedelen av plastavfallet i havet. Plastforureining i havet har alvorlege konsekvensar for natur og miljø, særleg fordi plasten blir broten ned til mikro- og nanoplast som fisk og dyr får i seg. Prosjektet skal sjå på dei mest komplekse utfordringane i avfallshandteringa, som korleis ein kan handtere produkt som kombinerer ulike materiale - til dømes tauverk med stålkjerne og koparimpregnerte nøter.

Sju forskingsinstitusjonar er med i Shift-Plastics. Desse har ekspertise innan teknologi, politikk og sirkulære verdikjeder. I tillegg kjem heile 20 aktørar frå utstyrsprodusentar, industri, gjenvinningsbransjen, offentlege verksemder og interesseorganisasjonar.

Forskarane skal sjå på korleis ein teknologisk sett kan løyse utfordringar knytt til “problematisk” plastutstyr. Det handlar til dømes om betre og meir optimale måtar å resirkulere på og om å ta i bruk nye materiale, som bioplast. Forskarane vil òg gå i djupna på korleis politikk og verkemiddel kan endre materialbruken, auke levetida til produkta og sikre gjenbruk og resirkulering. Å finne løysningar og nye måtar å gjere ting på, krev tett samarbeid mellom forskarar, styresmakter, interesseorganisasjonar og industri.

Gjennom samarbeid skal prosjektet finne fram til løysningar og produkt som kan redusere miljøpåverknaden, samtidig som dei er økonomisk lønsame.

Oppdragsgiver
Norges forskningsråd
Ledes av
Vestlandsforsking
Tidsrom
-
NTNU
Selstad AS
Aalborg universitet
Nofir
Iris produksjon
Oceanize
Salmon Group
Miljødirektoratet
Fiskeridirektoratet
Containerservice Ottersøy
SINTEF Helgeland
SINTEF Ocean
Scandi Energy
Statsforvalteren i Nordland
Bodø Havn KF
Bodø kommune
Løvold AS
Hallingplast AS
Høgskolen på Vestlandet
Nordland Fylke Fiskarlag
North Highland College, Environmental Research Institute

Del:

FacebookLinkedInTwitter