Helgas metode blir lærebok

Helga Eggebø. Foto: Karoline O.A. Pettersen
Seniorforskar og snart lærebokforfattar Helga Eggebø. Foto: Karoline O.A. Pettersen

Viktig artikkel i internasjonalt tidsskrift eller prestisjefattig metodeartikkel på nynorsk? Helga Eggebø valde det ho hadde mest lyst til og no blir det snart bok om «Kollektiv kvalitativ analyse».

Eggebø jobbar på Nordlandsforskning, der ho forskar på migrasjon, likestilling, aldring og levekår blant skeive. Ho er ivrig i tenesta og blei Forskar 1 - forskingsinstituttas svar på professor – før ho fylte 40 år.

Ein forskar med ambisjonar vel sjølvsagt å bruke tida si på oppdrag og artiklar som gir mest mogleg prestisje. Skal ein nå toppen, er det publiseringspoeng og internasjonalt ry som gjeld. 

Men kva om ein har meir lyst til noko anna? 

– Eg grubla på om eg skulle skriva ein viktig artikkel for eit internasjonalt tidsskrift eller ein nynorsk artikkel som ikkje på langt nær ville gi like mykje prestisje, fortel Eggebø.

– Med tanke på karrieren tenkte eg at den internasjonale artikkelen heilt klart ville være mest målretta. Men eg hadde meir lyst til å skrive metodeartikkel på nynorsk!

Etter mykje grubling og samtalar med ein god kollega, bestemte Eggebø seg for å følgje magefølelsen. 

– Han sa at eg burde skrive den artikkelen eg hadde lyst til å skrive og ikkje følgje konkurranselogikken i forskingsfeltet. 

 

Utvikla gjennom prosjekt

«Kollektiv kvalitativ analyse» heiter metoden som Eggebø har utvikla. Han handlar i korte trekk om å finne ein vettug måte å analysere forskingsdata på, eit arbeid som for mange kan synast vanskeleg å ta fatt på. 

– Som stipendiat følte eg meg veldig aleine med datasetta mine og ante ikkje kva eg skulle gjere med dei. Behovet for ein metode viste seg allereie då, seier Eggebø. 

I 2014 jobba ho på Likestillingssenteret KUN i Steigen. I arbeidet med eit prosjekt utvikla ho ein tidleg variant av metoden og sidan den gong har ho nytta han i alle prosjekta sine. 

– Men det var ikkje før etter eit prosjekt på Nordlandsforskning, at eg for fyrste gong tenkte at det faktisk ligg ein reell metode her, ein metode som burde dokumenterast og publiserast, seier Eggebø. 

I forlenginga av denne tanken gjorde Helga Eggebø valet som resulterte i artikkelen «Kollektiv kvalitativ analyse», publisert i Norsk sosiologisk tidsskrift i mars 2020.

 

Boka ho sjølv sakna

Eggebø opplevde å få mykje betre respons på artikkelen enn ho hadde rekna med. 

– Etter kvart begynte han å bli sitert og folk tok kontakt og fortalte at dei hadde sakna ein vitskapeleg referanse til denne typen metode, seier ho. 

Metoden falt i smak også utanfor forskingsverda. Både museumssektoren og Riksrevisjonen tok han i bruk. Kollektiv kvalitativ analyse vaks seg større. Eggebø heldt foredrag og kurs, både fysisk og digitalt. Og ein larudag fekk ho ei openberring. 

– Sjølvsagt skal du skrive ei lærebok i kollektiv analyse, sa ho til seg sjølv. 

Det var Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening (NFFO) heilt einig i. I 2024 blei Eggebø tildelt skrivestipend. 

– No er eg i gang med å skrive den boka eg sjølv sakna då eg var stipendiat, seier ho.

– Målgruppa er studentar på alle nivå og endatil professorar som treng inspirasjon eller oppfrisking. 

 

Skriv der det brenn

Det er eit par viktige grunnar til at Helga Eggebø sin magefølelse ikkje let seg forføre av prestisje. Ein av dei er at ho har fast jobb i eit forskingsinstitutt og ikkje går konkurs av å setje norskspråkleg metode høgast. 

– At eg hadde moglegheit til å velje å skrive artikkelen eg hadde mest lyst til å skrive, er takka være Nordlandsforskning. Her kan forskarar få timer til artikkelskriving, utan at det ligg føringar for kva vi skal skrive om, seier Eggebø. 

Ein anna årsak er forfattaren Ida Jackson, som har utvikla eit digitalt skrivekurs som Eggebø følgjer.

– Jackson underviser i å skriva der det brenn. Og for meg var det kollektiv kvalitativ analyse som brann mest, seier ho.

Læreboka om kollektiv kvalitativ analyse er planlagt utgitt i 2027. 

 

Del:

FacebookLinkedInTwitter

Meld deg på Nordlandsforsknings nyhetsbrev