Skal hjelpe sjukeheimane å tenke nytt
Forskarar skal jobbe saman med nordnorske sjukeheimar for å finne nye løysingar i møte med ei utfordrande framtid.
I dei kommande åra vil nordnorske kommunar oppleve både befolkningsnedgang og vekst i talet på eldre. Utviklinga legg press på sjukeheimane, som allereie slit med å skaffe nok arbeidskraft.
Løysningane må ligge i å tenke nytt, men korleis skal ein lukkas med slikt? Forskingsprosjektet «Innovasjonspraksiser i nordnorske kommuner» skal leite etter svar på spørsmålet.
– Eit viktig prinsipp i dette prosjektet, er å involvere dei tilsette på sjukeheimane i forskingsprosessen. Vi skal samskape forskinga, seier Ragnhild Holmen Waldahl frå Nordlandsforskning, som er prosjektleiar.
Ragnhild Holmen Waldahl. Foto: Morten Ovesen
Si eiga lukkes smed
Årsaka til at dei tilsette blir så sentrale i prosjektet, er at sjukeheimane må belage seg på å finne sine eigne løysningar. Rausare økonomiske rammer eller ny kompetanse som kjem utanfrå, kan dei neppe regne med.
– Dei tilsette må difor sjølv være pådrivarar for nyskaping. Og nyskaping handlar i dette tilfellet om å ta i bruk ny kunnskap, kombinere eksisterande kunnskap på nye måtar eller bruke kunnskapen på nye område, seier Waldahl.
– Saman skal vi forske oss fram til ny kunnskap og finne ut kva som skal til for å finne verknadsfulle løysningar. Prosjektet handlar ikkje nødvendigvis om å skape nye løysningar, men å hjelpe sjukeheimane til å finne ut korleis dei kan tenke nytt for å skape løysningane dei treng.
Tilgjengeleg forsking
Prosjektet tek føre seg to ulike sjukeheim i to ulike kommunar i Nordland. Nordlandsforskning har gjennom tidlegare prosjekt utvikla eit spørjeskjema som kan måle graden av sosial inovasjon og skjemaet skal i aksjon på ny.
– Vi har gjennom fleire prosjekt dei siste åra utvikla mykje kompetanse på feltet og eit mål med dette nye prosjektet er å vidareutvikle kompetansemiljøet her i Nord-Norge, seier Holmen Waldahl.
– For å styrke fagmiljøet, hentar vi inn Atle Ødegaard frå Høgskolen i Molde og Charlotte Wegener frå Universitetet i Aalborg.
Wegener er ledande i Norden på konseptet «Open Writing», som blant anna handlar om å gjere akademisk skriving meir tilgjengeleg.
– Ei slik tilnærming vil gjere det lettare for dei tilsette ved sjukeheimane å bli med på forskinga, seier Holmen Waldahl.
«Innovasjonspraksiser i nordnorske kommuner» avsluttast sommaren 2021.