Kjøper ikkje naturbaserte opplevingar

Accesstour. Foto: Karin Marie Antonsen / Nordlandsforskning
ACCESSTOUR besøker Hamaren aktivitetspark i Fyresdal kommune, Telemark. Fra vestre: Sigurd Groven, Miguel Utreras, Ingeborg Nordbø, Aslak Momrak Haugan, Gunhild Bottolfsen, Martin Lobert og Karin Marie Antonsen. Foto: Nordlandsforskning

Eit stort fleirtal av personar med funksjonsnedsettingar har aldri kjøpt naturbaserte opplevingar på ferieturane sine.

Tilgjengelig reiseliv i Norge - erfaringer og preferanser

Fullstendig tittel: Tilgjengelig reiseliv i Norge – Erfaringer og preferanser. Funn fra prosjektet ACCESSTOUR – Accessible tourism for inclusion and value creation

Forfattere: Karin Marie Antonsen, Merete Kvamme Fabritius, Trond Bliksvær, Reidun Johansen, Tor Erik Nyquist, Viljar Aasen og Ingeborg Nordbø

Oppdragsgiver: Prosjektet er finansiert gjennom Norges Forskningsråd

Hundekøyring, kvalsafari, fugletitting, klatring og kiting. Sykling på sti og fotturar i fjellet. Surfing, rafting, kajakk og kano. Norsk reiseliv har mykje på menyen når det kjem til opplevingar i naturen. Men likevel klarer dei altså ikkje å freiste folk med funksjonsnedsettingar, ei temmeleg talrik marknadsgruppe. Det viser ein rapport frå Nordlandsforskning, som òg avslører kvifor slike aktivitetar ikkje treff blink.

– Berre 15 prosent seier at dei har kjøpt naturbaserte opplevingar siste to år, seier seniorforskar Karin Marie Antonsen, som visar til ei spørjeundersøking om erfaringar med å reise i Norge, som har vore gjennomført i samband med prosjektet ACCESSTOUR. Resultata blir presentert i rapporten «Tilgjengelig reiseliv i Norge – Erfaringer og preferanser», som blei utgjeven tidlegare i haust.

– Målgruppa for spørjeundersøkinga har vore personar med funksjonsnedsetting. Dei fortel at få tilgjengelege opplevingar og utilstrekkeleg informasjon er hovudgrunnane til at dei ikkje kjøper naturbaserte opplevingar, seier Antonsen.  


Manglande hjelpemiddel

Over 40 prosent av dei spurde oppgjer manglande tilrettelegging som årsak til at dei unngår naturbaserte opplevingar. Forskarane trur at talet eigentleg er høgare, for mange orkar ikkje ein gong prøve å delta, sidan dei er vand med å ikkje bli tatt omsyn til.

– Mange peikar på utfordringar knytt til manglande åtkomst grunna trapper, manglande heis eller ramper, tronge døropningar eller ueigna underlag for rullestol, seier Antonsen.

– Fleire trekker òg fram manglande tilgjengelegheit til hav og vann for å kunne bade, fiske, padle eller ro. Avstand frå parkering til aktivitet og feilaktig informasjon er også nemnd som årsaker.

Og om nokre likevel tar sjansen på å prøve ei naturbasert oppleving, kan manglande hjelpemiddel sette ein stopper for aktiviteten. Aktivitetshjelpemiddel er utstyr som er spesielt utvikla for at personar med funksjonsnedsetting skal kunne delta i leik- og sportsaktivitetar og ofte ein føresetnad. Døme på slik utstyr er spesialsyklar og skiutstyr som piggekjelkar og sitski.

– Heile 72 prosent av dei spurde seier at dei ønsker og pleier å leie slike hjelpemiddel på reisemålet, men om no opplevingsaktørane har hjelpemiddel tilgjengeleg, noko som ofte ikkje er tilfelle, er sjansen stor for at dei ikkje veit korleis det brukast, seier Antonsen. 
 

Essensielt behov

Informasjon er ei anna utfordring når folk med funksjonsnedsetting skal ut på tur. Det er svært viktig å vite om fasilitetar som parkering, åtkomst, rom og bad er brukbare.

– Over 75 prosent av utvalet i undersøkinga oppgjer desse punkta som den viktigaste informasjonen, seier Antonsen.

– Òg informasjon om naturopplevingar, kulturopplevingar, serveringslokalar og fellesareal er viktig for mange.

På førehand venta forskarane å høyre at personar med funksjonsnedsetting har liten tillit til informasjon som gis om tilgjengelegheit. Men det viser seg at over halvparten har stor tillit til informasjonen som blir presentert på nettsider og delt i samtalar med familie og vener.

– Likevel tar om lag like mange kontakt med reisemålet for å forsikre seg om at informasjonen er riktig, påpeiker Antonsen.

Ho meiner at det kan ha samanheng med manglande tilgang på tilstrekkeleg informasjon på heimesider og bookingsider.

– I tillegg kan dette være et uttrykk for kor essensielt behovet for informasjon er for personar med ulike funksjonsnedsettingar, seier Antonsen. 

– Før man reiser må man for eksempel vite om det i hele tatt er mogleg å nytte aktuelle transportmiddel, om det finnes nødvendige hjelpemidlar, om det er moglegheiter for å få eventuell assistanse under reisa og om rom og eventuelt planlagde opplevingar er tilgjengeleg ut frå eigne behov.

 

Del:

FacebookLinkedInTwitter

Meld deg på Nordlandsforsknings nyhetsbrev