Julia Olsen er nytt medlem i Akademiet for yngre forskarar

Julia Olsen i Longyearbyen. Foto: Thoralf Fagertun
Julia Olsen på forskingsferd i Longyearbyen. Foto: Thoralf Fagertun

Seniorforskar Julia Olsen er teken opp som eitt av ti nye medlemmar i Akademiet for yngre forskarar.

Av: Bjørnar Leknes, Nord universitet og Thoralf Fagertun, Nordlandsforskning

Nålauget for å bli tatt opp som medlem i Akademiet for yngre forskarar (AFY) er trongt. I år fekk akademiet inn 65 søkjarar til sine ti nye plassar. Og ei av dei som altså nådde fram, er Julia Olsen, som jobbar i ei bistilling som seniorforskar ved Nordlandsforskning.

– Eg kan framleis ikkje tru at det har skjedd. Eg blei så glad da eg fekk beskjeden, seier ho og ler.

Julia Olsen (35) har i fleire år vore tilsett ved Nordlandsforskning, som miljøforskar. No er ho først og fremst førsteamanuensis ved Fakultet for samfunnsvitenskap på Nord universitet og har ei bistilling ved sin gamle arbeidsstad. Olsen har miljøsosiologi som fagområde og leiar forskingsgruppa Arktisk forsking: kontekst, teoriar og metodar.

Ho fortel at ho sendte inn søknaden sin til AYF i juni, og at det har vore ein lang prosess frå søknad til intervju og no - endeleg - opptak.

Høgt internasjonalt nivå

Når Julia Olsen no blir tatt opp som medlem i Akademiet for yngre forskere, har Nordlandsforskning to representantar blant dei 40 medlemmane i akademiet. Aase Kristine Lundberg blei tatt opp i 2021. 

– I hard konkurranse med 65 andre søkarar, har Julia utmerkt seg. Ho bidreg med verdifull erfaring frå instituttsektoren og blir eit av få medlemmar frå Nord-Noreg. Det er viktig at AYF reflekterar bredda i norsk akademia og at mindre institusjonar frå nord og er representert. Eg gleder meg til å samarbeide med Julia i AYF, seier Lundberg

Av akademiets 40 medlemmar, høyrer sju heime i instituttsektoren.

– At to av medlemmane i AYF har bakgrunn frå Nordlandsforskning, viser at vi jobbar målretta med karriereutvikling for unge forskarar og at våre forskarar held eit høgt nasjonalt nivå, seier Iselin Marstrander, administrerande direktør for Nordlandsforskning. 

Stor prestisje

Medlemmane er valde etter ein open søknadsprosess der akademiet søkjer å rekruttere yngre forskarar frå ulike fagfelt, stillingskategoriar, regionar, institusjonar og bakgrunnar.

– Det er knytt stor prestisje til å vere medlem av dette akademiet. At eg er blant dei ti sterke kandidatane som no blir tatt opp, gjer meg difor stolt, seier ho.

Olsen forskar på relasjonar mellom menneske og natur med særleg fokus på klimatilpassing og berekraftig utvikling i Nordområda. Nordområda er eit viktig område for næringsutvikling, kunnskapsutvikling, miljøvern og beredskap. Regionen er òg prega av fleire utfordringar, inkludert klimaendringar, forureining, avgrensa infrastruktur og folkefråflytting.

– Nyleg vart det fastslått at regionen varmar opp tre til fire gonger raskare enn resten av verda. Dersom denne trenden held fram, blir det mogleg å segle over Nordpolen om nokre år. Difor er det viktig for oss som bur i regionen å få meir kunnskap om kva endringane betyr for oss og for ein berekraftig utvikling, seier ho i eit ferskt intervju med AFY. Og vidare:

– Som deltidstilsett på Nordlandsforskning adresse­rer eg desse utfordringane gjennom deltaking i fleire internasjonale forskingsprosjekt. Desse prosjekta har fokus på turisme, sjøtrafikk, marinforsøpling og miljøforvaltning. Vi set søkjelys på korleis klima- og miljøendringar i Nordområda påverkar lokalsamfunn, korleis samfunnet tilpassar seg og korleis miljøproblem blir anerkjende i kvardagen og miljøpolitikken.

Marin forsøpling og kunnskap om klima og miljø

Ho fortel vidare at det særleg er to problemstillingar innanfor fagfeltet sitt ho synest er ekstra spennande.

– Den første er produksjon av kunnskap om klima og miljø, som er prega av fleire dilemma. Kvifor får nokre miljøproblem mykje merksemd, medan andre blir oversette? Kven har kunnskap om miljøproblem: Forskarar eller lokalbefolkning som opplever desse problema på nært hald?

– Den andre tematikken eg er ekstra opptatt av er tiltak mot marin forsøpling og vegen mot sirkulærøkonomi. Her jobbar vi tett med næringslivet og forvaltninga. Vi forskar på tiltak som kan bidra til reduksjon av marinforsøpling i sjømatnæringa, og til resirkulering av utstyr. Eitt av dei kulaste eksempla er badeklede, tepper og møblar som er laga av resirkulerte material frå garn og tau.

Brenn for forskingsformidling

Som medlem i Akademiet for yngre forskarar fortel Olsen at ho ønsker å jobbe med forskingsformidling.

– Eg vil vidareføre dei eksisterande, men òg skape nye aktivitetar retta mot skuleelevar. Eg er særleg opptatt av å formidle om klimatilpassing, miljøforureining og berekraftig utvikling til den yngre generasjonen.

– Eg ønsker òg å jobbe for eit meir mangfaldig akademi der yngre forskarar har føreseielege rammer for ei god karriereutvikling. Eg vil bidra til å styrke attraktivitet av forsking i Nord-Norge, seier ho.

Medlemskapet, som har ei varigheit på fire år, vil bli offisielt markert under akademiets haustsamling i Trondheim 19. oktober.

Fakta om Akademiet for yngre forskarar (AYF)

Akademiet for yngre forskarar (AYF) vart stifta i 2015 og er eit uavhengig, tverrfagleg og mangfaldig nettverk for samarbeid og erfaringsutveksling blant yngre forskarar.

AYF fremjar verdiane av kunnskap og fri forsking i samfunnet og er ein pådrivar for nyskapande forskingsformidling. AYF består av om lag 40 yngre forskarar som arbeider i Noreg. Medlemskap blir oppnådd gjennom søknad etterfulgt av intervju og varar i fire år.

Akademiet er ope for forskarar frå alle fagområde i heile Noreg.

Kjelde: Om oss - Akademiet for yngre forskere

 

Del:

FacebookLinkedInTwitter

Meld deg på Nordlandsforsknings nyhetsbrev