Satsar vidare på forsking om marint avfall
Dei siste fem åra har Nordlandsforskning levert mykje ny kunnskap om marint avfall. No er fleire prosjekt i startgropa.
– Mykje av forskinga på marint avfall er naturvitskapeleg. Men for å redusere avfallsproblemet, må vi og endre åtferd og system, seier seniorforskar Leticia Antunes Nogueira ved Nordlandsforskning.
– Slike endringar handlar i stor grad om sosiale og næringsmessige interesser og der kan vi bidra, der har vi vår styrke, seier ho.
Fleire nye prosjekt
Nordlandsforskning er med på Shift Plastics, som no i juni fekk innvilga støtte frå Forskingsrådet. Vestlandsforskning leder prosjektet, som skal sørge for berekraftige verdikjeder for plastutstyr i fiskeri- og oppdrettsbransjen.
– Vi er og med på prosjektet Makroplast, som skal samle ny kunnskap om plastforsøpling frå fiskeri- og akvakulturnæringa og gjere ho tilgjengeleg gjennom ein rapport, seier seniorforskar Julia Olsen ved Nordlandsforskning.
– Det er SALT Lofoten som leder dette prosjektet og Senter for oljevern og marint miljø som er oppdragsgivar.
Ny kunnskap publiserast
Resultat frå avslutta prosjekt dukkar no opp i vitskaplege artiklar. «Marine litter: Institutionalization of attitudes and practices among Fishers in Northern Norway» blei nyleg publisert i Marine Policy tidsskriftet . Her finns både Olsen og Nogueira, og i tillegg Bjørn Vidar Vangelsten frå Nordlandsforskning, bland forfattarane.
Nogueira er og medforfattar på artikkelen «Potential sources of marine plastic from survey beaches in the Arctic and Northeast Atlantic», basert på resultat frå prosjektet Barricade, som er leidd av Meteorologisk Institutt. Denne blei publisert i det prestisjetunge tidsskriftet Science of the Total Environment.
– I dette prosjektet har vi undersøkt kor plastsøppel på strender i Barentshavet eigentleg kjem frå, seier Nogueira.
– Havplast som opphavleg kjem frå Sentral-Europa, brukar om lag eit år for å nå Arktis, og det som var litt overraskande er at store plastbitar, som vi kallar makroplast, beveger seg fortare enn dei små mikroplastpartiklane og i fleire ulike retningar, seier ho.
Satsar vidare
Det regionale fokuset er ein viktig grunn til at Nordlandsforskning er opptatt av å forske på marint avfall.
– Havet er viktig for Nordland og ikkje minst for Norge. Havet har svært høg betydning for kultur og lokalsamfunna, og fiskeri og havbruk er viktige næringar som bidrar til sysselsetjing og skatteinntekt, seier Nogueira.
– Marint avfall oppfattast som ein trussel, sjølv om det framleis finnes lite kunnskap om korleis den verkar inn på helse og miljø. Derfor er og forsking på saken viktig.
– Men vi forskar og på avfall i andre næringar enn dei maritime, og ikkje minst på avfallsbransjen som ei næring i seg sjølv, legg ho til.
At kunnskapen som produserast er viktig, vises blant anna gjennom tildelinga av nye prosjekt.
– Vi driv med god forsking som gjer oss fleire forskingsmidlar, godt omdømme og godt nettverk, seier Nogueira.
– Vi er dyktige på å skaffe partnarskap med næringa og det offentlege. Samproduksjon av kunnskap er ein viktig del av strategien vår.